Påskeferie!

Her kjem nokre bilete frå Påskeferien! Me starta fredagsmorgon med biltur opp til Clermont og så vidare til Cairns laurdag. Kom fram til Cairns laurdag ettermidag og reiste ned på stranda før middag. Søndag blei tilbrakt i båt på vatnet der me fiska og slappa av. Det er synd ein ikkje kan bade i vatnet på grunn manetar (når det ikkje er krokodille-sesong) i vatnet, men det å kunne reise på båttur var heilt fantastisk. Eg klarte faktisk å få fisk! ein 42 cm Mangrove Jack, så den var til lunsj på måndagen :) På onsdag reiste me til Green Island for å snorkle, og det var heilt fantastisk. Eg kjøpte meg undervannsdeksel til mobiltelefonen for å ta bilete, men det viste seg å vera vanskelegare enn det eg hadde trudd, men det vart bilete! Men det å kunne sjå alle dei fargerike fiskane og alt det revet var heilt fantastisk og eg kunne ikkje tru at dette var noko eg faktisk fekk oppleve!

 






Me reiste vidare til Townsville på torsdagen og hadde nokre dagar her. Me reiste blant anna til HQ Reef Aquarium der me fekk sett endå meir fisk og rev og det var mykje enklare å få klare gode bilete her ;) kunne lett ha brukt ein heil dag berre å sitte å sjå på at fiskane svøm fram og tilbake. Me deltok på "predator talk" der ein frivilleg frå akvariet prata om haiane og andre store fiskar dei har i akvariumet. 





Me reiste og til fleire plassar der vertsfamilien har venner og har budd før dei kom til Kingaroy, så me reiste og til Ayr, Bowen, Proserpine, og Airlie Beach, ein plass som imponerte meg veldig. Airlie Beach var utruleg fint, og er eit turistområde så det var veldig godt laga til til turistar. Verdt å google ;) Me kom heim til Kingaroy på onsdagskvelden.

Den 17. april blei eg 18 og det vart feira med gokart før me reiste ned til Gold Coast. Eg endte opp med beste rundetid på gokart, og eg hadde kome fyrst hadde eg hatt ein runde til... På Gold Coast reiste me ut og åt før det vart bursdagskake i leiligheita til verstssøsken. Ein kjekk og avslappa dag, akkurat slik eg likar å ha det. I går vart mesteparten av dagen brukt på å gjere noko skulearbeid på ei engelsk novelle som skal leverast (first draft) på tysdag. Har planar om å gjere den ferdig i dag, men det betuyr at eg faktisk på byrja å arbeide....

Skal kome med fleire bilete frå Cairns når eg kjem heim til speilrefleksen (var ikkje så veldig flink med kamera på denne turen...).

Litt tankar i ein hektisk kvardag

Tenkte da va på tide med ein oppdatering no imellom all exam-pugginga. Har no to skuledagar og to exams igjen før det er påskeferie her nede. Skulle eigentleg ha ein exam på måndag men då alle andre i klassen (bortsett frå meg) trudde den var på torsdag fekk me den utsatt til torsdag. Var eigentleg litt irritert for eg var klar til å ta den, og eg hadde då vorte ferdig med den og kun hatt ein igjen! Men, men, har no meir tid til å bli endå tryggare på stoffet....

På fredag reiser eg opp nord i Queensland med vertsfamilien. Skal opp til Cairns, Townsville, Whitsundays og Great Barrier Reef og gledar meg utruleg mykje! Skal kjøpa meg undervannskamera og ta med speilrefleksen so bilete skal det bli!

I dag fekk eg pakke i posten frå ei av mine beste venninner i Norge! Må sei det ein gang til: Tusen Tusen Takk! Påskesjokolade er heilt topp på denne tiden av året! Er kjempekoseleg å få brev og pakke i posten!

I morgon er det tre måndar til eg flyr ut frå Australia og landar i Norge (forhåpentlegvis ;)) og sjølv om det blir vanskeleg å reisa frå venner og alt her nede, veit eg at eg kjem HEIM til det kjente og kjære. Sjølv om eg ikkje er klar til å reise endå, håpar og trur eg at eg blir det i løpet av dei neste tre månadane.

No skal eg tilbake til matte-pugging og gjere ferdig ein presentasjon om Norge og Skjolden og omegn til Eldre Historie i morgon. Sidan me har hatt exam allereie og det er siste timen før påskeferien spurde læreren om eg ville fortelje litt om kavr eg er frå, og dette er ikkje noko eg gjer halvhjerta så ein presentasjon skal det bli!

Slenger med nokre mobilbilete tatt i det siste. Det fyrste er frå Miami-beach på Gold Coast då me var der ei helg nokre veker sidan, og det andre er eit panorama frå då eg stod å venta på bussen....

Bilder frå Swimming Carnival

Sidan sist

Heihei! 

I dag er det fredag og helg, så no tenkte eg at det va på tide med ein ny oppdatering. I starten av januar reiste heile familien på turist-tur i nærområde, så eg ikkje hadde vore til Bunya Mountains. Dette er ein stor regnskog så det var kjekt å få sjå og oppleva det så nærme der eg bur. Etter Bunya Mountains reiste me til Coomba Falls for å bade der ein kunne hoppe frå fjellsida og ned i "bassenget" (blir kala rock-pool på engelsk).

 

 

Me hadde og ei veke på Sunshine Coast slik at det blei ferie for heile familien. Der var det ei veke med strand og veldig fuktig vêr, altså luftfuktigheit. Det var utruleg varmt og eg var konstant enten i vatnet eller under takvifta i stova. Me reiste òg te Sunshine Coast på Australia Day den 26. januar og feira kor heldige me e for å vera Aussiar med strand og grilling. 

Dagen etter, den 27. Januar var det på tide med skulestart, etter 8 veker med sommarferie. Syns egentleg det var på tide å koma inn i rutinar igjen og sjå att alle vennene frå skulen, men det var veldig godt å ha ferie og.... Det vart veldig pang-start på skulen sidan me i år er Year 12 og Seniors - siste året og er dermed dei eldste. Alle Year 12 som ville reiste andre helga i februar til Currimundi på Sunshine Coast for Leadership and Teambuilding Camp frå fredag til søndag. På campen hadde me Giant Swing, der du blei heist opp 15 meter og deretter blei du "svingt" fram og tilbake (video kjem), Vertical Climbing, der du klatra i nett elle ein stolpe eller ein diger trestige, Teambuilding i gymsal med mange ulike spel og aktivitetar, Pool-games, seier seg sjølv, spel og aktivitetar i bassenget (inkludert vannpolo), Catapults, der du byggde katapultar og skaut på diverse gjenstandar og deretter klassekameratar, og Alpine Rescue (min favoritt), der du var eit lag på 10 stk og skulle frakte ein skada person (dokke) i ei båre og 4 koppar vatn over ulike hinder i ei hinderløype der det stadig blei fleire skadar (gruppa mi endte på eit tidspunkt opp med ei stum, ei blind, ei med broten arm, og ei med blekksprutsjukdom - måtte halde handa framfor fjeset), og me fekk tog, karabinar og to små aliminiumsplankar som me kunne bruke som bruer, men det var enklare sagt og gjort. Heilt utruleg morosamt og me hadde ei veldig god gruppe som arbeida godt i lag. På laurdagskvelden hadde me vår eige vesle "Swimming Carnival" som skulle vera ein introduksjon til heile skulens Swimming Carnival den kommande fredagen. Men sidan det ordentlige Swimming Carnivalet er kun løp så var vårt Senior Swimming Carnival fyllt opp med mange ulike og morosamme leikar. 

Den kommande tysdagen var me på kjemiekskursjon til University of Southern Queensland i Toowoomba der me fekk meir innføring i vinlaging og kva ekperiment me kan gjera med vin for denna terminen skal me faktisk lage vår eigen vin i kjemi. Det kan bli spennande :) Me må og finne og endre på ein variabel for å forska på kva det har å seie for den ferdige laga vinen. Mi gruppe har valgt å bruke ulik type gjær for å sjå om det blir forskjell i tidsbruk, syre og pH. 




I dag, Fredag 13., var det full skule Swimming Carnival. Er mykje som Athletics Carnival bortsett frå at dette er symjing i staden for friidrett. Du kler deg opp i huset ditt sin farge, eg er Palmer og grøn, og du deltek i ulike res i ulik aldersgruppe. Du kan delta for kun eit poeng eller konkurrere og få ektra poeng viss du kjem fyrste, andre eller tredje. Alle poenga går til huset ditt og huset med mest poeng vinn heile greia. Enkeltpoenga du samlar blir og brukte til å rekne ut kven som blir Age Champion. Sidan eg fyller 18 i år so deltok eg i 18 og over. Sidan det ikkje er så mange 18 åringar så klarte eg å vinne AGE CHAMPION!!! Eg er utruleg stolt over det, for eg symte alle resa, 50 meter krål, 50 meter bryst, 50 meter rygg, 50 meter butterfly og 50 meter staffett. Eg fekk Diplom og eg får namnet mitt på eit trofé! (Bilde kjem!) Eg har aldri symt butterfly før så eg var utruleg spent på korleis det kom til å gå. Eg endte opp som den einaste 18-åringen som symde dette reset, så eg endte opp med å symje i same heat som 17-åringane som konkurrerte (2 stk). Dei er utruleg flinke symjarar så når dei var ferdige, var eg halvvegs.... Men eg visste at det var slik det ville bli og eg var der kun for å ha det kjekt så eg brydde meg ikkje og berre svømte vidare. "Konkurrentane" mine stod å heia på meg då eg kom fram til mål og eg var utruleg nøgd med meg sjølv for å faktisk ha symt i det heile tatt. Eg endte sjølvsagt opp solbrent etter i dag - sjølv om eg smørte meg inn i solkrem kvar gong eg gjekk forbi ein lærar med solkrem - trur eg endte opp med seks/sju lag...

I kveld skal eg i bursdagselskap til ei vennine og så reiser me til Gold Coast i morgon for eit anna bursdagsselskap. Skal prøve å skrive innlegg og oppdateringar oftare, men sidan skulen no har byrja går mykje av tida mi til skulearbeid og lekser. 

Trur eg har nevt det før, men eg skal sei det igjen: Viss det er nokon sprøsmål så er det berre til å legge igjenn ein komentar. Sidan eg ikkje er innpå bloggen så mykje og du vil ha svar litt fort eller syns spørsmålet er dumt og ikkje vil legge det ut som kommentar kan du sende meg ein epost på kawe97@hotmail.com. Eg syns berre det er kjekt å svare på spørmsål og forklare korleis ting er så berre fyr laus!

- Kamilla 

Jul og nyttår!

Hei!

Eg veit eg burde vore flinkare til å oppdatere bloggen, men det er noko eg ikkje prioriterer, sjølv om eg veit at det kan vera kjedeleg å vente på noko nytt. Sjølv syntest eg det var veldig irriterande når eg i fjor las utvekslings-bloggar og eg tenkte at eg skulle i alle fall klare å legge ut noken innlegg oftare enn ein gong i månaden... Nå skjedde ikkje det, og eg beklagar. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at eg i alle fall ikkje skal bli profesjonell bloggar. All respekt til dei!

Sidan sist har eg fullført Year 11, vore på Formal, hatt sommarferie, feirt jul og nyttår og meir sommarferie er i vente! No er det KUN 26 dagar til eg byrjar på skulen i Year 12 og KUN 6 måndar til 1. juli, som er heimreise-datoen. Er heilt utruleg kor fort dei fyrste 6 månadae har gått, og eg er sikker på at dei neste kjem til å gå like fort! 

Eg har to vertsbrødre som bur på Gold Coast og går på universitet der, og ei veke før skuleslutt fekk me ein telefon frå bestemora som sa at ein av dei hadde vore i ei bilulykke. Han var passasjer i bilen som søskenbarnet køyrde på veg heim til ein førelesing. Sjåfør endte opp med eit stygt kutt over auga, men det vart fiksa meg å sy rundt 20 sting. Vbror vart sittande fast i bilen ei god stund før han kom til sjukehuset. Sidan passasjersida ikkje hadde airbag endte han opp med eit skada skulderblad, eit brote handledd, mange kutt i armen etter alt glaset og fleire skadar i fjeset slik at han endte opp i operasjon. Han blei utskriven etter ei god veke på sjukehus, og det går no veldig bra med han. Dette har ført til at det har vorte fleire turar til Gold Coast for oppfølgartimer med lege og helsepersonell. 

Etter dette har me tatt sommarferien litt på sparket, men det er alltid tid til å kose seg og slappe av. Eg har klart å lest gjennom heile Harry Potter serien og har byrja på nokre andre seiar. Når julafta kom var det veldig rart! Ingenting spesielt, men me endte opp med ein bål og brettspel-kveld, noko som var veldig moro! Når me vakna julemorgon var det først bort for å sjekke julestrømpa som var fylt opp med gåver frå julenissen. Var mykje forskjelligt i dei ulike strømpene. Vsøster som skal flytte ut å byrje på universitet fekk klesklyper, diverse matlagings-produkt. Vbror fekk eit handkle og sokkar. Eg endte opp med pennar og ei notatbok, vannballongar. Noko me alle fekk var godteri, veldig små vannpistolar og makadamianøtter, for dei eg og Max plukka i byrjinga av september er fortsatt ikkje oppetne... Dette vart etterfulgt av frukost som var diverse frukt, elle frukostblanding viss du ville ha det. Så var det tilslutt pakkeopning! Max var "julenisse" og delte ut ein pakke til kvar i tur og orden. Sidan eg hadde fått tilsendt nokre pakkar frå Noreg var eg spent på kva eg kom til å ende opp med, men eg vart veldig nøgd. Etter pakkeopning var det ein stor julelunsj med ulike typar kjøt og kylling og ulike salatar. Sidan vmor fekk eit spel frå vfar endte me opp med å spela dette ei stund for så å gå ut å spela krikket. Endå ein sport som er stor i Australia og som eg vidt hadde høyrt om før eg kom hit, men no er det krikket på TVen ofte og det er berre til å lære. Er jo difor eg er her. Dagen vart avslutta med Settlers-speling og det var kjekt med noko som var kjent frå heime, for heime er det alltid eit settlers-spel ein eller anna gong i romjula :)

Den 28. januar var me i Brisbane for å sjå THE LION KING musikalen på QPAC (Queensland Performing Arts Centre) og dette var ein heilt utruleg oppleving! Ein fantastisk musikal som var veldig godt gjennomført! Kom heim med programet og eit hefte med bilete og informasjon, noko eg var sikker på at eg skulle kjøpe på grunna av at det ikkej var lov å ta bilde under framføringa.

Nyttårsafta blei i år heilt annleis enn det er vant med, sidan me reiste til Goomeri på rodeo! Var utruleg kjekt å få oppleve noko slikt og det var kjekt å sjå kor mykje forskjelligt folk konkurrerte i. Det var Barrel-runs (der du rei på hest rundt tønner), Bull-fighting (der du hoppa av hesten og skulle få ein kalv i bakken), Team Lasso (der den fyrste skulle fange horna på kalven og den andre skulle fange begge bakbeina, alt på hest), Undecorating (der du måtte ta ei sløyfe av ryggen til kalven), Tie and rope (der du kasta lasso rundt halsen på kalven for så å hoppe av hesten og knyte beina samen) og sikkert noko anna som eg har gløymt! Etter dette var det hovudshowet der det var rodeo på okse og hest i tre klassar, junior, den i midten eg ikkje hugsar namnet på og opens. Juniorar var kun på kalv men dei andre hadde stoooore oksar! Det vart mørkt etter kvart så det vart ikkje så mange bilete av hovudshowet... Me fann og ut at rodeo-clown ikkje var politisk korrekt lenger og det er no bytta ut med bull-fighters eller Rodeo Protection Athletes, noko som dei for all del fortener for dei gjorde ein heilt utruleg jobb! Dei var der for å passe på at utøvarane ikkje var sparka eller trampa på når dei datt av. Dei skulle og distrahere oksen slik at den gjekk ein anna veg når utøvren datt av, for nå du dett av ein slik okse kan du vera sikker på at du er litt desorientert, og det tek ikkje oksen lang tid å trampe på deg... I løpet av kvelden var det ein stor diskusjon om kva som var vanskelegast å ri, okse eller hest. Kom fram til at det var like umogleg å ri begge. Og dei 8 sekundane du skulle halde deg fast, var utruleg lange! 

Då me kom heim var det å setta seg framfør Tven for å sjå fyrverkeriet i Sydney som var heilt utruleg! Funfact: For vanleg godtfolk er det ikkje lov å sende opp rakettar!
















Håpar verkeleg det ikkje blir for lenge til neste innlegg, men viss det er noko de lurar på i mellomtida er det berre å enten legge igjenn ein kommentar eller send meg gjerne ein epost på kawe97@hotmail.com sidan eg sjekkar den oftare enn det eg sjekkar bloggen.... eg er og å følgje på instagram @kamillaweka der eg prøver å vera meir aktiv....

 

Godt nyttår til alle!!

Northern Territory Safari - Del 2

Heihei! Veit eg sa eg skulle få ut dette so fort som mogleg, men ting dukkar opp og eg ha som uvane å ikkje setje bloggen opp som ein prioritet, sjølv om eg har tid... Tida i det siste har vorte brukt på å prøve å overleve hetebølga so kom, noko eg ikkje var førebudd på. Hadde over 35 grader kvar dag frå søndag forrige veke til og med onsdag. Og det blir ikkje noko veldig kaldare om natta sjølv om sola går ned heller, så her har det no vorte sove med takvifta på heile natta. På skulen er det ekstra varmt då ein har svarte sko og kun utvalde klasserom har aircondition, og eg har ikkje nokon av timane mine der... Men eg har ein lærar som elskar air-con så me flyttar til eit av spesial romma viss dei er ledige :) Sjølv australiarane har tykt det har vore varmt så korleis kan ein då forvente at eg skal overleve? 

Men over til kva dette innlegget eigenleg er om å det er å skrive ferdig kva som skjedde på Northern Territory Safarien som no er ca ein månad sidan ( uuups...).

Dag 6

Denne dagen køyrde me til Kings Creek Station og satte om telt. Deretter var det ut på tur til Kings Canyon, noko som kom som ein av favorittane mine. Ein heilt fantastisk tur! Me fekk ikkje lov å gå turen med mindre me hadde meir enn 2 liter med oss, på grunn av faren for dehydrering. Dessutan gjekk turguiden med ekstra vatn og ei spruteflaske som var veldig behageleg. Turen byrja med det brattaste partiet, så då me kom opp der var eg allerede sliten, men heldigvis var dette det verste av partiet. Det var informert at turen var på 6 km og kunne ta ca 3 timar. Me klarte å bruke 4.... Kings Canyon er mykje eldre enn Grand Canyon men ikkje så stor.











Etter me var komne heim var det dusjing før middag og så var det stjernekikking og eg har aldri sett så mange stjerneskot som eg såg den kvelden.

Dag 7 

Dagen me kom til Alice Springs. Dette var dagen der me var halvveges i turen både i dagar og i reiseavstand. På veg til Alice stoppa me for å ri på kamelar etterfulgt av lunsj med kamelburgar på menyen. Smakte mykje det same så vanleg kjøt, berre litt søtare. Me fekk fritid i Alice i nokre timar før det var avgårde til campingplassen. På kvelden reiste me på The Didgeridoo Outback Show, der me fekk høyrt mykje Didgeridoo musikk og det vart avslutta med felles jam og me fekk prøva å "spela" instrumenti (var meir å prøva å få lyd i den ;))  





Dag 8 

Dagen me fekk "sove ut" til halv åtte! Var ein veldig rar følelse å vakne opp å sola var allereie oppe... I dag var det reptilsenter som stod på planen, men før me kom så langt bestemmte bussen seg for å ikkje fungere. Det viste seg å vere ein øydelagt turbo, og et var ikkje ein einaste tilgjengeleg i heile Northern Territory, så då vart det byte av buss, noko som førte til at me ikkje kunne ta med matraileren vår, så kokken Mario kunne ikkje lage mat til oss viss ikkje campingplassane hadde kjøken tilgjeneleg. Heldigvis var det kjøken på dei fleste plassane, men der det ikkje var kjøken måtte me ete ute, så kan ikkje klage på det heller ;)





Dag 9 

Dagen med 12 timar i bussen frå 06.00 til 18.00 planlagt men me endte opp i Daly Waters ein halvtime seinare, og eg trur dette er den einaste dagen me faktisk var bak skjema. På vegen stoppa me ved Karlu Karlu óg kjent som The Devil's Marbles






Dag 10

På veg til Katherine var det stopp ved Mataranka Thermal Pools der friksjon i jordskorpa gjer at bassenga held ein konstant varme på 32 grader (om eg hugsar rett...). Ein heilt utruleg idyllisk plass! Då me kom til Katherine var det avslapping ved campen og me sat og prata / spela kortspel til det var leggetid.





Dag 11  

I dag var det ikkje bussen som var fyrste transportmiddel! Det var ein båt i Kathreine Gorge. Så godt å sleppe å gå, og berre sitte på båten og slappe av å sjå for ein gongs skuld. Det vart og ein badepause i eit av "bassenga" :) Etterfulgt var det busstur til Kakadu National Park

 



Dag 12 

Dette var ein dag fylt av gammal aboriginsk maleri på steinveggar og dei fleste er ca 2000 år gamle! Me hadde in morgontur som alle skulle vere med på. Og etter lunsj var det ein valfri tur, som eg var med på, sidan eg ville ha med meg så mykje så mogleg på turen og alternativet var å late seg ved campen. Er utruleg glad for at eg gjekk turen, ein heilt fantastisk tur, og på toppen av Ubirr var det grønt så langt auga rakk!

 







Dag 13  

No var me farleg nære Darwin så då tok me ein avstikkar ned til Lietchfield. Men før me kom dit var det tid for eit nytt cruise, denne gongen var det Jumping Crocodile Spectacular Cruise der me fekk sjå krokodiller, noko som me har vorte advara for heile turen. Ikkje gå nærmare vatnkanten enn 5 meter. Og eg forstår godt kvifor! Heilt fantastisk skumle dyr, og me fekk vite det at viss du ser ein på overflata kan du vere sikker på at det er 4 du ikkje kan sjå... 



Dag 14 

Dagen me endeleg kom fram til Darwin! Kan ærleg seie at det var veldig godt å komme fram til Darwin. Men før me kom så langt var det eit badestopp i Wangi Falls, endå ein idyllisk plass. Skulle ikkje trudd at Australia hadde så mange idylliske plassar som eg aldri hadde høyrd om, men eg kan vedda på at det er fleire! I Darwin fikk me 6 timar fritid som eg brukte saman med Merethe og me gjekk rundt på eit senter og så vidare mot vatnet, ned på ei strand og deretter berre i ein park og me sat der og åt is og prata. Heilt utruleg avslappande og kjekt! Det var middag på den lokale RSL (ein club/bar/resturant...). Etter det var det pakking og avslapping før eg tok nattflyet "heim" til Brisbane der eg tok buss-taxi til Gold Coast fekk ei seng å sove hos slektningar av vfamlien der dei kom laurdagen :)







Ein heilt fantastisk tur! Anbefalar alle utvekslings-elevar i Australia å reise på denne turen, då du får oppleve så utruleg mykje!

Northern Territory Safari - Del 1

Ja, eg lev. Er no komen godt inn i kvardagen att, etter mine to veker i Outback-Australia. Har sett og opplevd so utruleg mykje på desse to vekene, og fått minner som kjem til å vare livet ut. Har truffe så mange hyggelege folk på turen, og vart så godt kjend med dei at ein skulle tru at me hadde kjent kvarandre i månadar. Sidan eg har ein del bilete 
(1437...) og mange opplevingar, tenkte eg at eg skal dele turen inn i to/tre delar, slik at det både blir enklare for folk å lese, og enklare for meg å skrive (og slik at eg ikkje brukar opp familiens internett denne månaden på ein dag....)

Litt generelt om turen fyrst. Me var 51 studentar frå forskjellige land (dei fleste frå Norge og Tyskland, men og elevar frå Japan, Brasil og Mexico), to frivillige lærarar, ein gresk kokk og ein bussjåfør. Me sov i tomannstelt 10/14 netter og fekk sjå utruleg mange ulike sider av Australia.

Dag 1

Reiste frå Kingaroy i fire-tida laurdag morning og vard køyrd til Brisbane (ca 3 timar). Tok fly frå Brisbane til Adelaide og deretter var det fritid i byen, der eg gjekk rundt med ein gjeng tyskarar, ein nordmann og ein meksikanar. Det vart kjøpt flugenett og ektra vatnflasker og ellers berre gjekk me rundt og såg på byen. Me fór deretter til campen der me fekk informasjon om reglar og slikt før me fekk gå ned på stranda og sjå solnedgangen. Fekk deretter tre-rettars middag, og hovudretten vart servert med saus (Vfar kan ikkje ete gluten, så det blir sjeldan laga saus heime...)! Merka ikkje kor mykje eg har sakna saus før eg no fekk det servert...




Dag 2

Tidleg morning då me køyrde tidleg ned til Glenelg og deretter til Gladstone. Glenelg er ein liten del av Adelaide og ein koseleg liten plass. Her fekk me nokon timar fritid som blei for det meste brukt til sightseeing og berre gå rundt å sjå. Me kom til Glenelg Gaol (fengsel) på ettermiddagen og me fekk fritid der, før me hadde middag (Meatpies, yum yum). Når sola var gått ned og det byrja å bli mørkt var det spøkelsestur rundt på fengselet. Fekk høyre mange ulike historiar om mord og sjølvmord og sjølv om dei slutta på 70-talet var det fortsatt litt skummelt å høyre alle historiane når me skulle sove i cellene...





Dag 3

I dag var det bussreise til Coober Pedy. Me stoppa då me kom til ein salt-innsjø som var heilt enorm! Kom fram til Coober Pedy på ettermiddagen så det blei tour rundt i byen og me fekk besøkje ei undergrunnskyrkje og reiste på opalmuséet og fekk demonstrasjon og fekk sjå korleis husa under jorda ser ut. Dei har hus under jorda då dei alltid held ein temperatur på 21-24 grader og over bakken kan temperaturane gå opp til 52 grader om sommaren. Byen er og kjend som verdas opalhovudstad og me fekk omvisning i nokre gamle gruver.







Dag 4

I dag var det den fyrste lange dagen i buss - 9 timar, men då skal det seiast at dette var dagen me kryssa grensa til Northern Territoy og køyrde til Ayers Rock Resort! Då me kom fram til campingplassen var det tutorial i koreis ein set opp og tek ned telta, og deretter skulle alle sette opp eigne telt. Telta var eigentleg meint til to personar, men sidan det var oddetal jenter endte eg opp i tremannstelt med meksikaneren Vanessa og nordmannen Merethe. Herifrå var det telt opp til Darwin, og eg er veldig nøgd med telt-kameratane mine :) Me fekk sjå solnedgang ved Uluru frå campen, og det var heilt utruleg og tenkje over at me allereie var komne hit.

Meg og teltkamerat Merethe

Norske Merethe, tyske Helene og Ronja og meg. Beklagar dårleg kvalitet...

Dag 5

I dag var me oppe før fuglane feis (som pappa ville sagt), for me skulle nemnleg sjå soloppgang med Uluru! Det var heilt utruleg å sjå korleis fargen på the rock endra seg når sola gjekk opp. Me køyrde deretter heilt fram til å sjå "steinen". Det er mogleg å klatre Uluru, men turen var stengt dagen me var der, grunna fro sterk vind. Dei som ville, kunne gå rundt Uluru viss dei ville, noko eg gjorde. Ein 8 km tur som kunne ta 3,5 time, men sidan me hadde dårleg tid, måtte me fullføre den på 2... Var likevel heilt utruleg å sjå kor stor Uluru eigentleg er! Eg hadde aldri trudd at den var så stor og majestetisk! Grunnen til at me hadde dårleg tid var for at me skulle til the culture centre, der me skulle få høyre på ein park ranger snakke om den lokale aboriginer-stammen og sjølvsagt om deira kultur. Deretter fór me tilbake til campen og hadde lunsj. Den måtte eg ete ganske raskt for eg skulle nemleg få fly over Uluru og Kata Tjuta. Dette var ein frivilleg tur som ein måtte betale for sjølv, men den var utruleg verdt det. Flyet romma 9 passasjerar og hadde ein pilot, og turen vara i ca 40 min. Eg var ekstra heldig då eg fekk sitje i setet ved sidan av piloten! Turen var veldig "humpete" og grunnen me fekk var fordi varm luft frå bakken stig og sidan me flaug relativt lågt/lite fly var dette noko me merka godt. Då me 5 som reiste på flyturen kom tilbake var det rett til Kata Tjuta. Heilt fantastisk å sjå denne óg, men må nok seie at Uluru var og er favoritten ;)



Meg og Fiona frå Macau




"Stien" opp til toppen. Ser kanskje ikkje slik ut, men den var veldig bratt...







Flyet som tok oss over Uluru og Kata Tjuta

Uluru sett frå lufta

Kata Tjuta sett frå lufta

Uluru ved solnedgang

Meg, norske Merethe, meksikanske Vanessa og tyske Helene



Eg trur dette er langt nok for fyrste innlegg, og det kjem anten to eller tre vidare, kjem an på kor mykje eg får inn i det andre innlegget før det blir for langt...

Skal prøve å få publisert det så fort som mogleg :)

 

 

Exam - stess

Beklagar at det er ei stund sidan forrige innlegg. Har skjedd både så mykje og så lite i det siste. Har hatt nokre veker med mykje skulearbeid, for eg har hatt tilsamen 10 exams og ei engelsk innlevering. Har hatt fire matte exams (2 i matte B og 2 i matte C), to kjemi exams, ein i eldre historie, ein engelsk exam og to tysk exams (ein skrive og ein lytte)...

Når det kjem til exams så varar dei for det meste mellom 70-90 min. Alt går føre seg på papir, og viss ikkje du har god grunn til å skrive på datamaskin er det ikkje lov med data i klasserommet. Dei har ofte to exams for å dekka eit større område av pensum. Når det kom til kjemi, var den fyrste på kunnskap, og den andre på evaluering og vurdering. I matte exams er alle spørsmåla delt inn etter kva karakter dei har, så det kjem an på kva spørsmål du klarar, kva karakter du får, og ikkje kor mange rett/feil du har. I eldre historie skulle me skrive et engelsk essay om tema me har hatt om denne bolken, Boudicca, og i englesk skulle me skrive eit engelsk essay om boka me las, Animal Farm. På desse to fekk eg lov å skrive på data, sidan eg har ordbøker på den. Eg prata med engelsk-læraren min, og ho sa at eg kunne bli evaluert på ein litt lågare nivå sidan englels er mitt andre språk, men når eg fekk denne tilbake i dag sa ho at ho hadde retta den på same grunnlag som resten av klassen og eg kom ut av da med ein C+! Trudde ikkje eg skulle klare det, sidan eg syns det var knappt med tid. Bortsett frå datamaskin på engelsk og eldre historie, og ekstra tid på kjemi fekk eg ikkje noko meir tilrettelegging.

Etter alt skulestresset er det no klart for to veke ferie som eg skal tilbringa på Northern Territory Safari! Denne turen er organisert av Education Queensland International og eg flyr frå Brisbane laurdag morgon til Adelaide i South Australia. Vidare reiser me med buss til MANGE forskjellige stader gjennom Australia og me endar opp i Darwin i Nortern Territory. Skal for eksempel sjå Coober Pedy, ein by der dei bur under jorda, Alice Springs og skal besøke og bestige Uluru, noko eg gledar meg veldig til!

Eg kjem forhåpentlegvis tilbake med masse gode opplevingar og ikkje minst bilete, for kamera er med i bagasjen ;) satsar på å dele desse med dykk, men i mellomtida kjem det nok til å skje svært lite på bloggen, slin at de er klar over det ;)

Slenger med nokre bilete som eg tok i dag på veg heim frå bussen :) Elskar Australia, heilt idyllisk

Eg lev!

Hei

No er eg akkurat komen heim frå bursdagsselskap. Den vart heldt på ei rulle-skøyte bane i Nanango, 20 min frå Kingaroy. Noko so utruleg moro! Sidan bursdagsbarnet er ein stor fan av Harry Potter var heile selskapet Harry Potter themed. Dei inviterte var oppfordra til å kle seg ut som karakterar frå anten bøkene eller filmane. Dessverre hadde ikkje eg eit Harry Potter kostyme i kofferten ned hit, men dei andre hadde vore veldig oppfinnsame når det kom til kostyme. Frå Hermine, Bellatrix, Gygrid og til og med Uffert var tilstade. Det vart ein del rollerblading, noko eg ikkje ha gjort på årevis, men det satt i systemet, så det tok ikkje lang tid før eg fekk dreisen på det. Det var folk som aldri hadde skøyta før, så eg vart på ein måte ein instruktør J (litt vanskeleg når eg ikkje kjem på dei rette orda på engelsk, men, men?) Sidan bursdagsbarnet (og vennegjengen) er glad i bøker, og å lese, var alle oppfordra til å komme med ei innpakka bok og så valte alle seg ut ei ny bok, veldig kjekt påkomme! Så eg tok med meg ei bok eg hadde lest ut, og kom heim med ei ny bok som eg ikkje har lest. Viss du endte opp med ei bok du allereie hadde lest, kunne du byte med nokre andre igjen. 









































Har gløymt å fortalt dykk, at då me spelte touch på måndag, klarte laget vårt å vinne vår fyrste kamp, og eg scora! (Laget vårt består av nybegynnarar, som har spelt litt før, men som vil spele fordi dei vil lære og for å ha det moro).  Gjekk ikkje opp for meg før litt seinare, kva eg eigentleg hadde gjort, men det var utruleg moro. Einaste problemet var at då me var ferdige var ankelen min utruleg sår, så det var is på den. Trur det kan vere på grunn av at det er så mange uvante bevegelsar i touch, spesielt det å springe baklengs, så gjorde det. Heldigvis bur eg med ein idrettsfamilie så dei hadde vore borti liknande før, og kom med tips og triks. Etter nokre dagar med tøying og ?massasje-rulling?, er den så god som ny, og klar til ny touch-trening og kamp på måndag :) 

Me snakkast om forhåpentleg vis ikkje alt for lenge ;)

Oppdatering

Heihei :)

Tenkte eg berre skulle oppdatere dykk på kva som har skjedd dei siste dagane :) På onsdag hadde me Leadership Day for alle i Year 11. Her satt me å høyrde på talara som hadde med ledelse å gjera. Parlamentet sin områderepresentant for det område me er i, eigar av fleire bedrifte i/rundt Kingaroy, rektor på skulen, og ein "trenar" til rugbylaget Broncos. Dei var ganske gode talarar, men det vart litt langdrygt. Me hadde og andre aktivitetar der ein skulle vise lagarbeid og ledelse. Ein heilt ok dag, men kan ikkje sei eg fekk so mykje ut av den.

I helga deltok eg på ein Touch Fun Day Fundraiser. Kona til ein av gymlærarane på skulen fekk diagnosert kreft for nokre veker sidan, og kun ei veke etterpå var ho paralysert i begge føtene. Denne dagen handla om å samla inn pengar til anten sjukehusrekningar, elle framtidig behandling, er ikkje heilt sikker, men dei gjekk i alle fall til ho og familien. Det vart tillaga ein Touch turnering og fleire aktivitetar. Det var sumobryting i store drakter, hoppeslott, ansiktsmåling, ein kunne kjøpe seg ein 15 minuttara tur med ein Harley Davidson, og det var sal av sukkerspinn, kaker, muffins, div mat/drikke og bar. På veg inn fekk eg eit armband som sa at eg var gamal nok til å drikke

Dagen var utruleg morosam og det heile avslutta med loddtrekning og auksjon, der hovudpremiane var signerte rugby-skjorter.

På søndag var me på ein ny open dag, denne gongen på University of Southern Queensland i Springfield campus. Her hadde dei ein instagram konkurranse som eg vann :) fekk eit gavekort til iTunes på 20$ Dette universitetet var mykje mindre enn det forrige, Griffith, og ikkje så fint, men dei verka veldig hyggelege og hjelpsame.

Sidan sist

Sidan sist har det skjedd litt av kvart. Forrige helg reiste me te Gold Coast og tilbrakte helga der. Me var på open dag på Griffith University sidan Belinda (vsøster) skal vidare på universitet neste år, og ho er ikkje heilt sikker på kva ho vil gjere. Så når me var der deltok me i ulike førelesingar som kunne hjelpe med å gje ein idé om kva linja handla om. Me deltok på førelesingar i Criminologi and Criminal Justice, psykologi og lov og rett. Fekk og hilst på dei to eldste sønene til vfar og vmor som no går på universitet i Gold Coast. Reiste og ned til stranda. Sjølv om eg har vore på fleire strender her no, blir eg lika overraska kvar gong eg ser kor lang ei strand kan bli!


Denne veka har vore ei ganska avslappande skuleveke, men samtidig ei veke med mykje skulearbeid! Me hadde skulefri på måndag grunna Brisbane show day/Exhibition Day. Eit show i Bribane der folk kan vise fram kyra deira og få ulike prisar, etter det eg har fått med meg...

På onsdag hadde me halvdag friidrett, og fredag hadde he friidrett heile dagen. Skulen er delt inn i fire hus, Youngman, Palmer, Lavarack og Bradfield, og kvart hus har kvar sin farge. Youngman = gul, Palmer = grøn, Lavarack = blå, og Bradfield = rød. Når ein deltek i dei ulike greinene kan ein velje å gjere det for konkurranse eller kun for eit poeng. På slutten av dagen reknar dei saman kor mange poeng kcart hus har og dei som har flest, vinn. Du får ekstra poeng for fyrste, andre og tredje plass, men eg veit ikkje kor mange det er... Desse dagane var veldig morosame og eg koste meg :) på onsdagen deltok eg i diskos, høgde og lengde, kun for poeng, men det var skikkeleg moro uansett. Når du gjer aktivitetane sender dei dei som deltek for poeng fyrst, og deretter startar dei konkurransen. I lenge måtte ein hoppe ei lengd på 50 cm for å få poeng, på høgde måtte ein hoppe (trengde ikkje å klare det) og i diskos måtte ein berre kaste. Dette var skikeleg moro, då heile vennegruppa berre gjorde det for poeng og ingen tok det seriøst.

På fredag var me oppmuntra til å kle oss ut i fargen til huset. Sidan eg vart sett i Palmer, og fargen då var grøn, og eg ikkje eig eitt grønt plagg, kom eg i skuleuniform. Følte meg utruleg kjedeleg når eg såg alle andre i så mange ulike kostyme. Heldigvis fekk eg låne litt grøn farge så eg kunne lage "indianerstriper" i fjeset :) Angra på at eg ikkje tok med meg kameraet, då eg såg alle dei ulike kostyma! Heldigvis har skulen ei eiga facebooksode der dei posta bilete frå dagen, så eg har berre lånt dei ;)

Det siste bilete her viser finalen i 100 meter, som Belinda vann.

Denne veka hadde eg óg innlevering av matte c assignment. Til slutt vart det 22 sider! Var så glad då eg leverte den inn, kunne endeleg slutte å tenke på den!

Australia Zoo

Denne dagen har vore heilt fantastisk! Har fått opplevd so mykje i dag at det ikkje kan beskrivast med ord. Eg har tatt MANGE bilder, og her er eit utvalg av dei:

Rett etter me kom innom inngangen var det dyrepassarar som stod klare med eit utvalg dyr som ein kunne ta bilete med. Dette er eit maurpinnsvin (echidna)

Lærarane me hadde me oss






I Roo Heaven gjekk kenguruar rundt i eit stort område og me kunne kjøpe mat og mate dei :)



 














Klokka 12 var det krokkodillemating








Etter Australia Zoo køyrde me til Sunshine Plaza, eit kjøpesenter, der det var shopping. Eg fekk kjøpt meg 3 bøker :) Etter Plaa var det rett ut til stranda. Dei fleste japanske studentane hadde aldri sett stranda så dette var veldig spesielt for dei :)


Endå ei veke unnagjort

Hei :)
No går ei ny veke mot slutten. Denne veka fekk eg prøve meg på Touch for fyrste gong, og eg skal spele meir i morgon. Det å stå på sidelinja var mykje mindre forvirrande enn å spele på bana. Folk sprang rundt meg frå alle kantar, og eg følte eg berre gjekk der, og ikkje gjorde noko nytte for meg. Men då eg kom av bana, fekk eg høyre alle dei gode tinga eg hadde gjort. Morro var det i alle fall, og eg er jo her tross alt for å oppleve det Australia har å tilby og Touch er ein av dei, so eg koste meg :)

Det har gått mykje i skulearbeid denne veka, sidan eg har innleveringa mi i eldre historie i morgon. Var veldig kjekt då eg endeleg vart ferdig med denne og ikkje hadde den å tenke på (enn so lenge, skal framføre dette stoffet til resten av klassen seinare i veka). På onsdag kom den internasjonale koordinatoren å sa at eg snart skulle få ein tyskklasse, det einaste dei trengde var ein 150 ords presentasjon om meg, på tysk. Den skulle vera ferdig til lunsj, so eg hadde morning tea på å gjere det. Så eg hadde eigentleg 30 minutt på å finne på ein presentasjon (hei eg heiter Kamilla, er 17 år og kjem eigentleg frå Norge, men er på utveksling i australia dette året = 20 ord, 130 igjen) oversette til tysk, og so sjekke og tenke grammatikk, så eg fekk litt dårleg tid då eg fann ut at engelske tastatur ikkje har knappen eg treng for å skrive ü, ä og ö. Men eg fekk tilslutt 152 ord og eg fekk brukt litt av fysikktimen sidan halve klassen var borte og me då ikkje hadde ein plan.

Kingaroy State High School har ein vennskapsskule i Japan, Fudooka, og det kjem ca 20 japanske elevar til Kingaroy kvart år. Dei kjem no fredag, og dei skal til Australia Zoo på laurdagen. Dette har eg fått lov å vere med på!! :) så neste laurdag er det på buss frå skulen klokka 6.30 og avgårde til Australia Zoo :) Eg gler meg!!!

Denne helga hadde Max og Belinda ein ny Touch turnering i Sunshine Coast so då me kom fram til Sunshine Coast på laurdagen såg me fyrst etter Formal kjole til Belinda, men kun 2 av 5 butikkar var opne. Heldigvis er ikkje Formal før i november ;) Etter dette reiste me på stranda og sjølv om det var overskya var det varmt i vatnet (sjølv om Max og Belinda fortsatt syns det var kaldt).

I dag har dagen vorte tilbrakt ved sidelinja med eit videokamera. Eg vart sett til å filma spela deira så dei kan sjå kva dei gjer rett og kva dei gjer gale. Det var sol og skyfri himmel, og UTRULEG varmt i sola i dongeribukse og t-skjorte (og dette er vinter...). Jaja, heldigvis kaldare i Kingaroy enn ute ved kysten.

Fekk og sjå kenguruar denne veka! Bildet er ikkje det beste, sidan dei hoppa vekk då eg kom mot dei :/ satsar på at eg får sjå ein på nærare hold i Australia Zoo :)

Macadamienøttejakt

Hei :)
Har no hatt mi andre helg i Australia, fyrste i Kingaroy, og den har vorte brukt ute på terassen i steikande sol med ei god bok :)
Har akkuratt komme inn att etter å ha vore på macadamienøttejakt :) det fyrste me såg var to wallabies, og dei er so søte!!! Etter dei hadde hoppa sin veg var det berre å retta blikket mot bakken. Var litt vanskeleg i byrjinga då eg ikkje var heilt sikker på kva eg leita etter, men etter ein augneblink var det MANGE nøtter på bakken. Me kom heimatt med 219 nøtter!

Traff og på ein sommarfugl laurdag ettermiddag :)

Fyrste skuledag (og andre, og tredje....)

Ha vore litt hektisk i det siste, så det er difor det ikkje har kome så mykje på bloggen. Er vanskeleg nok at alle rundt deg plutseleg pratar engelsk, så å skrive blogg på norsk medan eg sit i ein australsk heim, er ganske vanskeleg. Eg prøver å tenkje på engelsk medan eg er rundt andre, for eg trur det hadde vore vanskeleg skulle eg fått ein beskjed eller spørsmål, oversettje til norsk, tenke ut eit svar på norsk, og deretter oversettje det til engelsk igjen. Difor vil ikkje norsken min vera veldig god, sidan eg for det meste tenkjer engelsk. 

Jaja, eg gjer eit forsøk uansett. Hadde eigentleg planlagt å skrive eit innlegg frå fyrste skuledag, men då hadde eg ikkje tid. I går tenkte eg at eg skulle lage eit nytt innlegg, men tida strakk ikkje ti då heller. Men i dag, den tredje skuledagen min, skal eg gjere eit forsøk. Eg har ikkje så mange bilder frå skulen, sidan det ikkje er lov med mobil i skuletida. Dette gjeld ikkje kun i klassane, men også under Morning Tea (kjem forklaring) og lunsj. 

Generellt er skuledagane her frå 08.50 til 3.10 kvar dag. Ein time varer i 70 min, og det er nesten ikkje pausar mellom timane. I byrjinga av dagen har alle ein time som blir kalla Form (10 min). Der blir det gjennomgått informasjon for dagen. 10.10 er det Morning Tea, som er ein "kort" "lunsj" pause (30 min...). Etter dette er det ein heil time og deretter ein halv, før lunsj som varar i 50 min. Så er det resten av den halve timen og ein ny time og så er skuledagen over.

På måndag var eg på skulen, men eg var ikkje i éin time. Eg var med den internasjonale koordinatoren på skulen og me gjekk gjennom reglar og eg måtte fylle ut fleire skjema for å bli "elev" på skulen. Eg valde og fag, så dette året skal eg ta engelsk, kjemi, eldre historie, matte B (den vanskelege matten), matte C (den endå vanskelegare matten) og fysikk. Eg skal og ta tysk, så eg trur fysikken blir droppa. Etter lunsj for me på uniform shopping og eg kom heim med tre t-skjorter, to bukser, to shortsar, ein gensar, ein jakke, sokkar og sko. Elevane har lov å velje mellom shorts og skjørt, men sidan det er vinter, er det og lov å bruke bukser. Uniformen er egentleg heilt grei, og ikkje noko stress. Den fyrste dagen hadde eg ikkje unform så eg gjekk i vanlege klede, så eg følte meg ganske utanfor.

Dagen etterpå var anleis. På tysdagar er det ein halvtime med Form, der heile skulen (ca 1200 elevar) møtes i gymsalen og alle beskjedar skjer samtidig. Dersom det er noko spesiellt, blir det òg presentert her. Eg var ein del av dette spesielle, så eg måtte opp på skulen og presentere meg framfor heile skulen. Eg sa ganske basic ting, og eg var ferdig på under minuttet. Etter dette var det rett inn i ein kjemiklasse om eit tema eg ikkje har hatt før, og på engelsk i tillegg. Læraren pratar ganske fort, men han verkar som ein god lærar. Eg fann ut i den timen, at eg klarar ikkje å skrive engelske notatar og høyre på kva han seier samtidig, noko som ikkje er eit problem på norsk. Seinare på dagen hadde eg matte C, der dei brukte matriser (google it). Deretter hadde eg engelsk, noko som førte til at eg følte eg låg veldig langt bak, sidan alle hadde lest boka MAUS av Art Spiegelman (eller lest mesteparten av den), ei bok eg aldri hadde høyrt om. Eg fekk låne boka, så no har eg lest 4 kapittel (eg trengte heldigvis ikkje lese boka ferdig!). 

I dag har eg hatt matte B, der me hadde om stigningstal i linære funksjonar, rate of change (Endeleg noko eg kan!), og eg såg at neste kapittel er om kvadratsetningar og andregradsformelen :D i tilleg hadde eg fysikk, der klassen var på 9 elevar, og eldre historie der eg fekk mi fyrste oppgåve. Skal ha ein 3-4 minutt framføring om trua på livet etter døden i gamle egypt, og korleis dei behandla dei døde i forhold til livet etter døden. Kvar onsdag har Year 11 noko som heiter Flexible Study Lesson, noko som gjer at me kan gå heim for å gjere lekser og skulearbeid, i staden for å ha timar. Så i dag var eg ferdig på skulen klokka eitt :)

uniform :D



Bilder frå Hervey Bay

Her kjem det nokre bilder frå helga i Hervey Bay :) Kingaroy er laget med dei raude ryggane, og er kvite raude og blå framme.





Dei fyrste dagane

Hei!

No er eg endeleg komen fram til Kingaroy. Eg kom fram til Perth torsdag kveld og måtte so igjenom mange sikkerhetskontrolla. Tok litt over 3 timar frå eg landa i Perth til eg var på plass i rett terminal for neste avgang til Brisbane. Eg kom fram til Brisbane rundt halv 6, og eg blei møtt der av den internasjonale koordinatoren på skulen. Han tok meg med til leiligheita til dottera hans, der eg fekk dusje og ete frukost. Derfrå reiste me opp til Gympie der vertsmor Leesa henta meg. Me køyrde so opp til Hervey Bay, der heile familien deltok på ein Touch Football turnering. Dei hadde vore der heile veka, og deira siste kampar var denne morningen. Eg huskar at me hadde om Touch i engelskbøkene på barneskulen, men eg kunne berra regelen om at ein måtte kaste ballen til spelarar bak seg eller ved sidan av seg, ikkje framover. Etter denne helga er eg komen inn i det (trur eg), så eg skal få prøve meg i morgon. Både verssøster og vertsbror spelar Touch, og Leesa og Bill (vforeldre) er begge trenarar, so dette er ein skikkeleg sporty familie. Eg tenkte eg skulle skrive eit innlegg om reglane og sånt seinare, sidan eg trur Touch kjem til å bli ein del av kvardagen min framover, men viss du lurar beldig på kva det er, så er det nesten det same som rugby, berre utan alle taklingane (Berre google det)

Her nede er det vinter no, men den kan på ingen måte samanliknast med den norske vinteren. Her er det veldig varmt i sola, men kaldt i skyggen, og om natta er det minusgrader. Husa har heller ikkje varme så det kan bli ganske kaldt om nettene. Det fyrste som slo meg som veldig rart, var at dei brukar sko innandørs, sidan det er så kaldt.

Huset her er veldig fint. Eg fekk vite på orienteringsmøte at folk i andre land ikkje brydde seg so mykje om interiør, men i dette tilfelle vil eg ikkje seie at dette stemmer. Her heng det mange bilete på veggane, og det er mange pyntegjenstander rundt om kring, som eg ikkje hadde forventa i forhold til informasjonen som vart gitt på orienteringsmøte. 

Autraliarane er skikkeleg hyggelge. Dei spør heile tida om korleis det går, og om eg har det bra. Det virkar som om dei verkeleg bryr seg. Dei er nysgjerrige på Norge og nordmenn. Eg prøver å vere så høfleg så mogleg, men det er av og til eg manglar eit sorry, eller eit please. Me gjekk forbi ei av banene som var inngjerda på turneringen, og det stod eit skilt der, der det stod: Please, DO NOT CLIMB THE FENCE. Når Leesa skulle fylle bensin på bilen stod det eit skilt med pumpene: Please, do not move your car before you have paid, thank you. 

Det kjem bilder etter kvart, men eg har ikkje flytta dei over frå kameraet til datan endå, men ver tolmodige. 

I morgon er det skulestart, så ønsk meg lykke til :)

 

 

Pakking!

I dag har eg fått ei pakkeliste frå Speak, så no har eg byrja å skrive ut å gjere det siste papirarbeidet ferdig! Det er noko papir som skal vere i handbagasjen, medan andre skal ligge i bagasjen. Noko skal faktisk helst ligge på begge plassar, til dømes pass (kopi av pass), reiseruta og visum.



(beklagar dårleg kvalitet på bileta, då dei er tekne med mobil...)

7 Dagar!!

I dag er det 7 dagar til eg reiser heimanfrå! Eg gler meg så utruleg mykje, men eg trur ikkje det har gått heilt opp for meg at om ei veke så kjem eg ikkje tilbake til Skjolden for eit heilt år! Vakre Skjolden, der ein kjenner alle og ein har det så trygt og godt, skal eg forlate til noko heilt ukjent. Det er så utruleg spennande! I det siste har eg søkt om stipend og passa på at eg har både visumsøknaden og reiseforsikringsbeviset mitt (eg er veldig flink til å rote bort ting...). Men no har eg alt på same staden, så det skal ikkje vere så vankeleg å ta vare på alle papira :)

No er det på tide å byrje å pakke! Dette blir ein stor utfordring, for eg overpakkar alltid. I tillegg seier alle at ein ikkje skal pakke med seg så mykje, sidan klede og slikt alltid er billigare i utland. 








Søknadsprosessen

Hei! :) Eg tenkte eg skulle fortelje om korleis heile søknadsprosessen har gått føre seg.

Eg starta i juni i fjor, med å vise interesse i to ulike organisasjonar, Speak Education og Explorius. Eg hadde då intervju med desse organisasjonane over Skype. Intervjua varte i ca 1 time der ein del (30 min) var på norsk, ein del (15 min) var på engelsk, og ein del (15 min) var med foreldre. Eg var ganske nervøs før intervjua, men når me satt i gang var intervjuarane veldig greie og eg klarte å slappe av :) 

Begge intervjuarane sa at eg kom til å få svar innan to veker om eg fekk plass eller ikkje, men at eg hadde gode sjansar. Etter to veker, hadde eg ikkje fått svar av nokon av organisasjonane. Tre veker seinare fekk eg beskjed av Speak at eg hadde fått plass i deira program. Endeleg! Dette var noko eg hadde draumt om i fleire år, og no fekk eg moglegheita til å reise.

Etter eg hadde sagt ja til å vere deltakar på Speak sitt program, fekk eg ein bunke med ark som skulle fyllast ut. Dei fleste skulle fyllast ut av meg, medan andre skulle fyllast ut gamle lerarar, lege og av mamma og pappa. Dette tok litt lengre tid, men den fullstendige søknadsmappa blei sendt inn den 15.september.



Her er eit døme på eit av arka som måtte fyllast ut

Sidan desember har eg motteke epostar kvar månad med ulike emne, til dømes Australia, Queensland, lokalrepresentanten, søknad om stipend og forsikring.

I januar fekk eg bekrefta skuleplass. Eg skulle gå på Kingaroy State High School som var fyrstevalet mitt! Eg valde denne skulen hovudsakeleg fordi dei hadde tysk på skulen, noko eg måtte ha slik at skuleåret mitt vart godkjent. Skulen hadde og mange ulike aktivitetar ein kunne vere med på, og ulike idrettar som eg tykkjer er morosamme.



I mai var eg, mamma og pappa på orienteringsmøte med Speak i Oslo. Her vart det gått gjennom mykje generell informasjon om utveksling. På møtet deltok òg to tidlegare elevar, ei frå England og ei frå Australia. Fekk helse på dei og stilt dei spørsmål som me lurte på. Møtet vara i 3,5 time og det vart satt mest fokus på forventningar, reglar og skule. Då eg kom heim frå Oslo var det eit stort brev i posten med ein veiledning om korleis eg skulle søke om visum

I mai/juni sendte eg inn elektronisk visumsøknad. I tillegg til den elektroniske søknaden måtte ulike vedlegg lastast opp, til dømes fødselsattest, stadfesting på at mamma og pappa godtok at eg skulle studere i Australia, og at eg er elev ved Kingaroy SHS. Fødselsattest, passet mitt, og passa til mamma og pappa måtte i tillegg stemplast med Notarius Publicus som me fekk hos tinghuset. 

I juni mottok eg billetten min for reisa til Australia. Reisa mi ser slik ut:

Dato         frå          tid             til                                     tid

09.07      OSL     16.10        DOH (Doha, Quatar)             23.30

10.07      DOH    02.00        PER (Perth, Australia)          17.55

10.07      PER     23.10        BNE (Brisbane, Australia)    05.25, 11.07

Reisa tek ca 2 døgn og eg skal reise med 4 andre studentar.

I juni fekk eg òg vertsfamilie

 

Utveksling 2014/15

Hei :)
Eg har valt å reise på utveksling til Australia. Eg laga denne bloggen hovudsakleg for å oppdatere venner og familie heime i Norge, men andre som har lyst å følgje meg, er sjølvsagt velkommen :) I Januar fekk eg vite at eg skulle gå på Kingaroy State High School. I motsetning til fleire utvekslingselevar som bur praktisk talt på stranda, er denne plassen meir inn i landet. For nokre dagar sidan fekk eg vertsfamilie. Eg skal bu på ein gard som har både høns, sauer og kyr, noko som eg gler meg til! Avreisedatoen er 9. juli, så no er det ikkje lenge til.



 

Les mer i arkivet » April 2015 » Mars 2015 » Februar 2015
Kamilla

Kamilla

18, Luster

Hei! Eg er på utveksling til Australia i skuleåret 2014/15. Eg reiser med organisasjonen Speak Education og skal gå på Kingaroy State High School i Kingaroy.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

hits